Tekst: Solveig Grødem Sandelson
Publisert første gong i Stavanger Aftenblad 13. august 2014

Den forteljinga vi liker aller best om orkesteret vårt, begynner med han. Vi er i 1990, Statoil går inn med ein fast sponsoravtale for orkesteret. Det gir dei armslag nok til å inngå avtalar med to internasjonalt anerkjente dirigentar, Frans Brüggen og Alexander Dimitriev.

Brüggen dreiv med tidlegmusikk. Han var ein av dei som ga klassisk musikk nytt liv, fleire nyansar, skarpare detaljar, meir snert. Alt det som hadde forsvunne inn i blanke klangar då orkestra vaks seg større og større, og alt kunne gjerast stort og voldsomt og ganske pompøst. Sjølv om musikken til Bach, Hãndel, Mozart og Haydn er skrivne for langt spinklare instrument og langt færre musikarar. Så kan ein sjølvsagt diskutera om ein skal gå tilbake og framføra musikken slik ideala var den gongen, eller om ein skal la musikken endra seg med tida. Det er bare å kasta eit blikk over på teateret, for å finna heilt andre måtar å tenkja på når ein set opp historiske verk.

Men den diskusjonen er eigentleg ikkje så viktig når det gjeld Brüggen og Stavanger. Med han fekk orkesteret for første gong ei klar retning, klare ambisjonar, og ein eigen identitet. I staden for å vera eit provinsorkester, med litt for få musikarar, blei dei det symfoniorkesteret i Norge som blei best på å spela den tidlege musikken, barokk og klassisk, frå midten av 1600-talet til tidleg 1800-tal. Dei blei unge av det.

Eg har høyrt på når orkesteret hadde prøve med Brüggen — mange år etter at han hadde avslutta det faste engasjementet. Det låg begeistring og pur glede i lufta heilt ut på pauserommet. Eg trur nesten dei elska å jobba med han. Dirigera kunne han i grunnen ikkje, armane gjekk opp og ned og litt ut og inn, det var til å bli nervøs av, viss du hengde deg for mykje opp i det. Men prøvane var fylte med visling og plystring. Lågmælt, presist og kunnskapsrikt skildra han korleis musikken måtte bli. Og slik blei det.

Jo, det begynte med Brüggen. Den duknakka, gåverike mannen blåste nytt liv i orkesteret vårt. Nå kan vi bare seia takk.

  • 2024_08_09_Kammermusikkfestivalen

    Matinékonsert: Frans Brüggen til ære!

    10. aug 2024 kl 14:00

    Under Kammermusikkfestivalen spiller vi matinékonsert til ære for Frans Brüggen.

    Les mer her